(I morgon har eg nynorsk eksamen. Derfor kjem det ein tekst på nynorsk. Eg vil på førehand beklage om det er mange skrivefeil. Eg er ikkje så flink i nynorsk.)
Ho trekte pleddet litt nærmare rundt seg og drog føtene opp i den gamle gyngestolen, mens ho stira på vinglaset sitt. Rommet var mørkt og vinden ulte i trea ute. Han satt på sofaen ved sia av og blåste varsamt på stearinlyset framfor seg.
”Frys du?” Spurte han.
”Gjør eg ikkje alltid?”
”Du er så kald.”
”Det er best slik.” Sa ho og sukka.
”Kva meiner du?”
”Bare gløym det. Eg tenkte sånn psykisk kald, men du meinte fysisk – så bare gløym det.”
”Du er både fysisk og psykisk kald, men vi er alle glad i deg.” Sa han og smilte.
”Og eg er glad i dykk.”
Ho tok blikket frå vinglaset og flytta det over til vindauget. Det var så vidt ho kunne sjå noko ute i mørket. Det gjorde henne uroleg. Han hadde blåst for kraftig og stearinlyset var nå slokna.
”Ser du på mørket?” Spurte han.
”Det er skummelt der ute.” Sa hun.
”Eg syns det er koseleg.”
”Blir aldri du redd av mørket?” Spurte hun.
”Eg er ikkje så redd.”
”Vel, eg er. Eg er redd alt.”
”Meg også?” Spurte han.
”Mest av alt deg.”
”Skal eg bli såra nå?”
”Vil du at eg skal forklare? Du liker vanlegvis ikkje at eg blir så djuptenkt og følsam.” sa hun.
”Vel, i dag liker eg det. I dag har vi det koseleg på hytta midt i skogen, to mil frå sivilisasjonen. Fortel meg kvifor du er redd meg. ”
Ho såg fort på han før ho trekte til seg blikket og såg ned på hendene. Han prøvde å tyde ansiktet hennes. Det var vanskeleg. Auga hennes var alltid triste. Sjølv om munnen smilte og det kom latter ut, såg han det triste i auga hennes. Det var noko ingen andre kunne sjå.
“Du kan skade meg så mykje meir enn nokon andre. Du kan få meg til å opne opp. Du kan få meg til å sleppe deg inn i hjartet mitt. Det er skummelt.” Sa ho og stiret hardt på hendene sine.
“Det er også fint når det er.”
“Det er ikkje fint når det slutter å vere.”
“Du kan ikkje la vere å gjere noko kun fordi det kan ende. Du må jo ta sjansar.” Sa han mjukt.
“Eg vel ikkje å presse deg ut av livet mitt. Eg veit bare at eg kjem til å gjere det.”
“Presse meg ut av livet ditt? Kva meiner du?” Spurte han med redsel i stemma.
“Har eg ikkje fortalt det? Dette, det vi har saman, kjem til å ende. Eg kjem til å bli skremt og springe bort frå deg. Så veit du det. Det her er doomed to death. På grunn av min redsel og usikkerheit.”
“Du kan ikkje vite det med sikkerheit. You never know, seier du jo alltid.”
Ho smilte og tente røyken sin. Han såg på henne, på de triste auga hennes. Han ville hjelpe henne, men ein kan ikkje hjelpe nokon som ikkje vil bli hjelpt.
“Vel, eg veit.” Sa ho.
“Eg veit at eg elskar deg.”
“Eg elskar deg også. But honey, love isn’t enough.”
(Teksten var opphavleg skrivi av meg på bokmål for fleire månader siden. Det ho i teksten føler, er det eg følte da. Eg føler det ikkje slik lenger. Btw, teksten var mykje betre på bokmål. Eg blir litt trist av å leggje den ut når eg veit at den var meir vakker på bokmål.)
EDIT: Jeg har nå lest gjennom og ser at det er mange små feil i teksten. Jeg var for opptatt av å se på språket at jeg ikke så på noe annet. Jeg vil derfor bare si at jeg vet det er feil her og der, store bokstaver som skal være små og sånt.